Hopp til innhald

Oman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 2. februar 2012 kl. 04:03 av ZéroBot (diskusjon | bidrag) (r2.7.1) (robot la til: kl:Oman)
لطنة عُمانS
Saltanat Uman

(norsk: Oman, omansk)

Det omanske flagget Det omanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Nashid as-Salaam as-Sultani»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Oman
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Muscat
Styresett
Monarki (Sultanat)
Haitham bin Tariq Al Said
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
309 500 km² (70.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
3 424 386 (133.)
11,1 /km² (180.)
Sjølvstende
Frå Portugal
1650
Nasjonaldag 18. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
171 700 mill. USD (66.)
47 500 USD (23.)
Valuta Omansk rial (OMR)
Tidssone UTC +4
Telefonkode +968
Toppnivådomene .om


Sultanatet Oman er eit land på den arabiske halvøya. Oman har kyst mot Arabiahavet i sør og mot Dei sameinte arabiske emirata og Omanbukta i nord, og har grense mot Saudi-Arabia i vest, og Jemen i sørvest.

Politikk

Statsjef og regjeringssjef er sultanen. Sultanen er ein arveleg posisjon. Sultanen vel ut regjeringa sjølv som sitt råd. I byrjinga av 1990-talet oppretta sultanen eit folkevalt råd, Majlis ash-Shura, men berre få omanarar hadde stemmerett. Allmenn stemmrett for personar over 21 år vart innført 4. oktober 2003. Over 190 000 personar (74 % av dei stemmeberettiga) stemte for å velje 84 sete. To kvinner vart valde.

Sjølv om sultanen i realiteten har politisk fullmakt, er han støtta av flesteparten av Oman sine innbyggjarar. I hans 30 år lange regime har Oman gradvis nærma seg demokrati.

Kart over Oman

Regionar

Oman er delt inn i åtte regionar (mintaqah). Desse er igjen delt inn i mindre distrikt (wilayat, eintal wilaya).

Fakta

  • Naturtilgong: Petroleum, kopar, kalkstein
  • Folkesetnaden sin gjennomsnittsalder: 19,4 år
  • Spedbarnsdøydelegheit: 2,1 %
  • Religion: Muslimar 75 %

Klima

Oman utgjer det søraustlege hjørnet av Arabia, og får som regel merke vêrsystema som går både inn og ut av Persiabukta. Langs kysten av Omanbukta finn eit av dei mest trykkande klima i verda. Frå mai til september har ein høge temperaturar og høg relativ fukt, og nattetemperaturane held seg som regel over 30 °C. Den støvete shamalvinden, som regjerar i Persiabukta, når vanlegvis ikkje sør til Oman. Frå november til mars har kystområda rikeleg med sol og varmt vêr med enkelte regnbyger ein til to gonger i veka. Kysten av Arabiahavet, rundt Salalah, kan få skya vêr og litt regn i samband med den sørvestlege monsunvinden. Rundt ein gong i tiåret kan ein tropisk syklon råke Oman. Dei høgareliggande områda får som regel litt meir nedbør enn låglandet. Muscat har ein årleg nedbørsnormal på 100 mm, der mesteparten kjem frå november til april.