Hopp til innhald

Prekambrium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Prekambrisk tid)
Geologiske periodar
sjå • diskuter • endre
-4500 —
-4000 —
-3500 —
-3000 —
-2500 —
-2000 —
-1500 —
-1000 —
-500 —
0 —
Skala:
Millionar �r sidan

Prekambrium eller urtida er eit uformelt namn p� eit s�kalla supereon som best�r av eon av geologiske periodar som kom f�r fanerozoikum. Perioden varte fr� jorda vart skapt for om lag 4500 millionar �r sidan og fram til om lag 542 millionar �r sidan d� mange makroskopiske dyr med hardt skall dukka opp. Dette markerte byrjinga p� kambrium, den f�rste perioden av den f�rste geologiske �raen i fanerozoikum. Han er kalla opp etter det romerske namnet p� Wales - Cambria - der bergartar fr� denne tidsalderen vart studert.

Ein veit s�rs lite om prekambrium trass i at perioden varte om lag sju �ttandedelar av jorda si historie, og det vesle ein veit er stort sett oppdaga dei siste 40-50 �ra. Ein har funne f� fossilar fr� prekambrium og dei fossila som er funne (som av stromatolittar) vert stort sett berre nytta til biostratigrafisk arbeid.[1] Mange prekambriske bergartar er sterkt metamorfe og skjuler korleis dei oppstod, medan andre anten er �ydelagd av erosjon eller ligg gravlagd djupt under lag fr� fanerozoikum.[2][3]

Ein meiner at sj�lve jorda oppstod av stoff som krinsa rundt sola for om lag 4500 millionar �r sidan og kan ha vorte treft av ein s�rs stor planetesimal p� storleik med planeten Mars kort tid etter at ho vart forma. Delar av materialet fr� samanst�yten kom i saman og forma m�nen. Ei stabil jordskorpe var truleg p� plass for rundt 4400 millionar �r sidan, sidan zirkonkrystallar fr� Vest-Australia har vorte datert til 4404 Ma (millionar �r sidan).

Uttrykket prekambrisk er noko utdatert, men er framleis ofte i bruk hos geologar og paleontologar. Eonet vart ei kort stund �g kalla kryptozoikum. Dei f�retrekte uttrykka proterozoikum, arkeikum og hadeiukm ser ut til � ta over som namn p� eonet etter kvart.

Livet f�r kambrium

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sj� abiogenese.

Ein veit ikkje kor tid livet oppstod, men karbon i 3800 millionar �r gammal stein fr� �yar utanfor Vest-Gr�nland kan vere av organisk opphav. Godt bevarte bakteriar eldre enn 3460 millionar �r er funne vest i Australia. Fossil som truleg er 100 millionar �r eldre er funne i same omr�det. Fr� den tid og resten av prekambrium har ein mange spor etter bakteriar.

Dei f�rste fleircella livsformene ser ut til � ha oppst�tt for rundt 600 millionar �r sidan, om ein ser bort fr� eit par omstridde funn som kan vere eldre fr� Texas og India. I perioden mellom 542 og 600 millionar �r sidan har ein ei forholdsvis variert samling av blaute livsformer fr� fleire stader i verda. Desse vert kalla Ediacarafaunaen. Livsformer med eit hardt ytre dukka opp mot slutten av prekambrium.

Ei s�rs mangfaldig samling av livsformer dukkar opp rundt 544 Ma, mot slutten av prekambrium, med ein lite forst�tt sm�muslingsfauna og endar med ein s�rs tidleg kambrisk og mangfaldig burgessfauna. Denne raske utviklinga av livsformer vert kalla den kambriske eksplosjonen.

Milj�et p� jorda og oksygenkatastrofen

[endre | endre wikiteksten]

Ein har lite kjennskap til platetektonikk og slikt i prekambrium. Generelt trur ein at det fanst sm� proto-kontinent f�r 3000 Ma, og det meste av landmassane p� jorda samla seg i eit enkelt superkontinent rundt 1000 Ma. Superkontinentet vert kalla Rodinia og braut opp i fleire kontinent for rundt 600 Ma. Fleire istider har vorte identifisert heilt tilbake til huronistida for om lag 2200 Ma. Den best studerte er den sturtiske-varangiske istida for rundt 600 Ma, som kan ha f�rt til isbredanning heilt til ekvator og danna ei �sn�balljord�.

Jordatmosf�ren i denne perioden er lite kjend, men ein trur reduksjonsgassar dominerte og at han inneheld lite fritt oksygen. Den unge planeten hadde truleg ein raudaktig farge og hava var kanskje olivengr�ne. Mange stoff med uoppl�yselege oksyd ser ut til � ha eksistert i hava i hundrevis av millionar av �r etter at jorda oppstod.

Etter kvart som livsformene byrja � utvikle fotosyntese og det vart produsert store mengder oksygen. Dette skapte ei �kologisk krise som stundom vert kalla oksygenkatastrofen. Oksygenet vart med ein gong butte faste i kjemiske reaksjonar, hovudsakleg med jern, fram til den oksiderbare overflata forsvann og oksygenet byrja � samle seg opp i atmosf�ren. Eldre bergartar inneheld lagdelt jern som tilsynelatande vart lagt ned d� jern og oksygen f�rst kombinerte.

Mange faguttrykk er nytta om dei f�rste �ra jorda eksisterte, men ein har etter kvart starta � samle seg rundt felles uttrykk for periodar ved hjelp radiometrisk datering der ein kan finne spesifikke formasjonar og trekk. Uttrykka arkeikum (eldre enn 2500 Ma), proterozoikum (2500-600 Ma) og neoproterozoikum (600-542 Ma).

  • Proterozoikum: I dag stort sett nytta om perioden fr� kambrium for 542 millionar �r sidan til 2500 millionar �r sidan. Forskjellige fagfolk nytta tidlegare forskjellige grenser, men 542 Ma er i dag standard. Tidlegare vart det �g nytta synonymt med �prekambrium� og derfor nytta om heile perioden f�r kambrium.
  • Arkeikum varte fr� om lag 2500-3800 Ma.
  • Hadeikum er perioden f�r 3800 Ma. Dette uttrykket vart opphavleg tenkt brukt om perioden som er eldre enn dei eldste bergartane som finst p� jorda i dag, sj�lv om det finst eit par bergartar som er noko eldre enn 3800 Ma. Enkelte zirkonkrystallar fr� om lag 4400 Ma viser at de var fast jordskorpe i eonet hadeikum. Andre registreringar fr� hadeikum kjem fr� m�nen og meteorittar.

Det har vorte f�resl�tt � dele prekambrium inn i eon og �raer som samsvarar med utviklinga til planeten i staden for dei noverande periodane som er basert p� numeriske �r. Prekambrium kan delast inn i fem �naturlege� eon som f�lgjer:[4]

  1. Akkreasjon og differensiering: Perioden der planeten vart danna fram til han kolliderte med ein annan planetstor lekam.
  2. Hadeikum: Perioden med det store tunge bombardementet.
  3. Arkeiukum: Perioden d� den f�rste jordskorpa vart danna gr�nsteinbeltet fram til lagdelte jernrike bergartar vart lagt ned p� grunn av auka oksygeninnhald i atmosf�ren.
  4. Overgangsperiode: Perioden d� lagdelte jernrike bergartar oppstod og fram til dei f�rste kontinentale raude laga.
  5. Proterozoikum: ein periode med moderne platetektonikk fram til dei f�rste dyra oppstod.

Bergartane fr� prekambrium i Noreg er det me kallar grunnfjell. Det aller eldste grunnfjellet finn ein Finnmark og Lofoten, og desse er 3100 til 2700 millionar �r gamle, medan grunnfjellet elles i landet som regel er mellom 2100-1500 til 1100-900 millionar �r gamle. I Finnmark og omkring Mjøsa har ein tjukke avsettingar frå sein proterozoikum med grove og feltspatrike sandsteinar kalla sparagmittar og tillittar som ligg oppå grunnfjellet. Ein del av dette kan vere danna under ei eller fleire istider for noko over 600 millionar år sidan. Denne istidsperioden vert kalla Varangeristida.

  • Denne artikkelen bygger på «Precambrium» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Valley, John W., William H. Peck, Elizabeth M. King (1999) Zircons Are Forever, The Outcrop for 1999, University of Wisconsin-Madison Wgeology.wisc.edu Arkivert 2012-03-16 ved Wayback Machine. – Evidence from detrital zircons for the existence of continental crust and oceans on the Earth 4.4 Gyr ago Vitja 16. august 2008
    • Wilde S.A., Valley J.W., Peck W.H. ogGraham C.M. (2001) Evidence from detrital zircons for the existence of continental crust and oceans on the Earth 4.4 Gyr ago. Nature, v. 409, s. 175-178.
    • Wyche, S., D. R. Nelson og A. Riganti (2004) 4350–3130 Ma detrital zircons in the Southern Cross Granite–Greenstone Terrane, Western Australia: implications for the early evolution of the Yilgarn Craton, Australian Journal of Earth Sciences Volume 51 Zircon ages from W. Australia - Abstract Arkivert 2006-07-13 ved Wayback Machine. Vitja 16. august 2008
  1. James Monroe og Reed Wicander, The Changing Earth, 2. ut., (Belmont: Wadsworth Publishing Company, 1997), s. 492.
  2. Monroe and Wicander, s. 492.
  3. Pamela J.W. Gore, "The Precambrian". Vitja 16. august 2008, arkivert frå originalen 2. januar 2007, henta 16. august 2008 
  4. W. Bleeker (2004). «Toward a "natural" Precambrian time scale». I Felix M. Gradstein, James G. Ogg, og Alan G. Smith. A Geologic Time Scale 2004. Cambridge University Press. ISBN 0-521-78673-8. 

Andre kjelder

[endre | endre wikiteksten]

«prekambrium, prekambrium_-_fossiler» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Prekambrium Fanerozoikum  
Hadeikum Arkeikum Proterozoikum