Hopp til innhald

Reims

Koordinatar: 49°18′N 4°2′E / 49.300°N 4.033°E / 49.300; 4.033
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reims
Rådhuset i Reims
Rådhuset i Reims
Rådhuset i Reims
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Champagne-Ardenne
Marne
Geografi
Flatevidd 46,9 km²
Flatevidd
 - By

46,9 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

187 206
  3 990/km²
291 735
Koordinatar 49°18′N 4°2′E / 49.300°N 4.033°E / 49.300; 4.033
Høgd over havet 98 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 51454/51100
Heimeside: Offisiell nettside
Plassering

Reims er ein by i regionen Champagne-Ardenne i Nord-Frankrike, 144 km nordaust for Paris. Han vart grunnlagd i perioden under Romarriket. I 1999 var der 187 206 innbyggjarar i Reims, medan storbyområdet hadde 291 735 innbyggjarar.

Reims har spelt ei svært viktig rolle i fransk historie, sidan det var staden der kongane i Frankrike vart krona. Den mest vidkjende av desse var kroninga av Karl VII i lag med Jeanne d'Arc. Notre-Dame de Reims (øydelagd av tyskarane under den første verdskrigen, men seinare restaurert) har derfor spelt same rolle i Frankrike som Westminster Abbey gjorde i England. Det var her ein den heilage ampullen (Sainte Ampoule) låg, som inneheldt Saint Chrême (heilag olje/salve). Denne salven var det visstnok ei kvit due (den heilage ande) som førte til døypinga av Clovis i 496, og denne vart brukt til salvinga, den viktigaste delen av kroninga av dei franske kongane.

Reims vert ofte rekna som hovudstad i Champagne, ein gamal provins i Frankrike og verdskjend for den musserande vinen (Champagne). I dag er Reims derimot berre den største byen i regionen.

Administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Reims er eit prefecture (hovudstad) i departementet Marne i regionen Champagne-Ardenne.

Reims ligg p� ei slette ved den h�gre breidda til elva Vesle, ei av sideelvane til Aisne, og ved kanalen som knyter Aisne til elva Marne. S�r og vest for Reims ligg dei vindruekledde �sane Montagne de Reims.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]
Katedralen Notre-Dame i Reims

Dei st�rste attraksjonane i Reims er Place Royale med ein status av Ludvig XV. og Place du Parvis med ein statue av Jeanne d'Arc.

Marsporten (la Porte de Mars) er ein 33 m lang og 13 m h�g triumfboge (arc de triomphe) med tre bogar.

Arkitektur

[endre | endre wikiteksten]

Katedralen Notre-Dame i Reims

[endre | endre wikiteksten]

Katedralen Notre-Dame i Reims vert rekna som ein av dei viktigaste gotiske kyrkjene i Frankrike. Fr� 1100-talet til det 1800-talet var katedralen staden der dei franske kongane vart krona. Katedralen har fr� 1991 saman med Palaie du Tau og Basilika Saint-R�mi vore p� UNESCO si verdsarvliste.

Katedralen vart bygd p� 1200-talet med unntak av vestfronten. Han vart ferdigstillt p� 1300-talet, d� kyrkjeskipet og vart gjort lengre. Katedralen vart skada b�de under den f�rste og den andre verdskrigen.

I 1974 fekk katedralen glasm�leri av Marc Chagall.

Palais du Tau
Basilika Saint-R�mi

Palais du Tau

[endre | endre wikiteksten]

Erkebiskoppalasset vart bygd mellom 1498 og 1509. Her budde dei franske kongane under kroningsfeiringane. Dei kongelege bankettane vart halde i salle du Tau. Denne salen har ein enorm kamin, medaljongar av erkebiskopane i Reims, og portrett av fjorten kongar som er krona i byen. Fr� 1972 har palasset vore eit nasjonalt museum.

Saint-R�mi

[endre | endre wikiteksten]

Nest etter katedralen er dette det viktigaste kyrkjebygget i Reims. Det er kalla opp etter Sankt Remigius fr� 400-talet. Basilikaen, som nesten er like stor som katedralen, h�yrte til eit kloster. Basilikaen vart bygd over lang tid. Krypten stammar fr� 1000-talet, koret fr� 1100-talet, Apside fr� 1200-talet og det s�rlege tverrskipet fr� 1400-talet. Som andre franske kloster vart �g dette plyndra og stengd under den franske revolusjonen. Helgengrava er ein rekonstruksjon av nyare dato.

Reims er, saman med �pernay og Ay, eit senter for champagneproduksjon. Mange av dei viktigaste produsentane (les grandes marques) har hovudkvarter i Reims. Dei fleste er tilgjengelege for pr�vesmaking og omvising. Champagne modnar seg i h�ler og tunnelar under Reims.

Keltarane grunnla om lag 80 f.Kr. Durocortorum i omr�det der Reims i dag ligg. Etter den romerske erobringa vart staden kalla Civitas Remorum og vart lokal hovudstad.

Omr�det vart kristna i seinromersk tid, og byen vart eit bispesete.

Generaloberst Jodl underteiknar den vilk�rslause kapitulasjonen

P� 700-talet fann eit m�te mellom Pipin den yngre og pave Stefan III stad i Reims, og seinare m�ttest Karl den store med Leo III.

Under napoleonskrigane i 1814 vart Reims inntatt fleire gongar. I �ra 1870-1871, under den fransk-pr�ysiske krigen, var Reims eit tysk hovudkvarter.

I 1909 var Louis Bleriot deltakar p� det f�rste internasjonale flystemnet, som vart halde her.

Byen vart sterkt skada under f�rste verdskrigen. Katedralen vart skada og m�tte restaurerast. Basilikaen m�tte byggast opp at fr� ruinane i dei neste 40 �ra. Under andre verdskrigen var det igjen �ydeleggingar.

General Eisenhower og dei allierte tok imot den vilk�rslause kapitulasjonen av den tyske h�ren. Kapitulasjonen vart underteikna i Reims.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Reims