Hopp til innhald

Allesjelersdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
On All Souls' Day (1839) av Ferdinand Georg Waldmüller.

Alle sjelers dag eller allesjelersdag (latin commemoratio omnium animarum) er ein kristen høgtidsdag som blir feira den 2. november.[1] Dagen er til minne om alle sjeler som døydde i trua, men ikkje hadde fått lese sjelemesse og difor framleis var i skjærselden. Dette var sjeler som dei etterlevande difor bad for. Allesjelersdag er den siste i rekkja av tre heilagdagar (triduum) som byrjer med allehelgensaftan og fortset med allehelgensdag.

Allesjelersdag i ulike kyrkjesamfunn

[endre | endre wikiteksten]

Katolsk kristendom

[endre | endre wikiteksten]
Markering av allesjelersdag i Brasil.

I Den katolske kyrkja er dagen (som blei innf�rt i �r 998) ein felles messedag for dei daude som var s� fattige at dei ikkje hadde pengar til � la presten lesa sjelemesse over seg. I katolsk tradisjon kan ein pynta graver med levande lys og blomar p� denne dagen.[1]

Ortodoks kristendom

[endre | endre wikiteksten]
Ortodoks markering av allesjelersdag (provody eller pomynky p� ukrainsk, radonitsa p� russisk) i Ukraina.

Innan ortodoks kristendom og orientalske katolske kyrkjer finst det fleire dagar der ein ber for alle avd�de. Desse f�lgjer kyrkje�ret og fell ofte p� laurdagar, ettersom Jesus l�g i grava p� ein laurdag. Allesjelersdagar kan markerast p�:

I heile den ortodokse kykja kan ein ta alle dei d�de i minne p� laurdagen f�r minnedagen til erkeengelen Mikael den 8. november, i staden for laurdagen f�r minnedagen til Demetrius.

I den serbiske ortodokse kyrkja kan ein ogs� minna alle daude p� laurdagen som ligg n�rast unnfangingsdagen til Johannes d�yparen, 23. september.

Protestantisk kristendom

[endre | endre wikiteksten]
Markering av Hallowmas i Bhawanuipur gravlund i Kolkata i India.

Allesjelersdag har ingen spesiell liturgi i luthersk kristendom.[3] Dagen har ikkje lenger nokon fast tradisjon i Noreg og er berre sjeldan avmerka p� primstaven. Om han var avmerka er primstavmerket menneskefigurar. Som minnedag fall denne dagen bort etter reformasjonen i Noreg.

Svenska kyrkan gjenninf�rte dagen som helgedag i 2002. I evangelieboka til den svenske kyrkja talar kollektb�na p� allesjelersdag om korleis Gud l�t Jesus oppst� �f�r att han skulle vara herre �ver levande och d�da�. Ein ber om �n�d att ta emot honom som v�r fr�lsare, s� att vi med honom f�r g� in i det eviga livet�. P� denne dagen (eller ibland av praktiske grunnar p� laurdagen) kan ein ha minnegudstenester der ein tenner lys for avd�de og les opp namna deira.

Innan den anglikanske kyrkja er dagen liturgisk kjend som Commemoration of All Faithful Departed, og er ei valfri markering som ei utviding av allehelgensdag.[4] Markeringa forsvann under den engelske reformasjonen, men ei ny teologisk forst�ing i kyrkja har f�rt til �utbreidd aksept for dagen blant anglikanarar.�[5] Dagen blei gjeninnf�rt i mange sokn i samband med oxfordrørsla på 1800-talet.[6] Han er nemnd i USA-amerikansk anglikanisme i Holy Women, Holy Men-kalenderen[6] og i Church of England i Alternative Service Book frå 1980.

Mange europeiske skikkar knytte til dagen er knytte til trua på skjærselden. Til dømes kunne ein ringa med kykjeklokker for å letta lidinga deira medan dei blei reinsa, medan å gje almisser som soul cakes til fattige kunne gje dei døde litt lindring. Tenning av lys skulle gje lys til dei døde sjelene som venta i mørkret.[7]

I Tirol sette ein ut kaker og heldt rommet varmt for dei avdøde. I Bretagne samla folk seg på kyrkjegardane om kvelden for å knela på gravene til dei avdøde slektningane sine, og helte heilag vatn eller mjølk på gravsteinen. Om natta blei det sett ut eit måltid for sjelene til dei avdøde.[8]

Malta er det tradisjon å eta steikt gris på allesjelersdag, etter ein skikk der ein sleppte ein gris laus på gata med ei bjelle om halsen. Heile nabolaget mata grisen, og på allesjelersdag blei han steikt og gjeven til dei fattige.[9]

Gammal norsk tradisjon seier at ein på denne dagen ikkje skulle slå hardt med dørene, for då kunne ei sjel koma i klemma. Nokre stadar var det forbode å spinna garn på denne dagen. Ein skulle òg vakta seg vel for å arbeida på allesjelersdag, då slikt kunne forbindast med uhell. Overtrua var òg forbunde med straff frå sjelene i skjærselden, som kunne visa seg på jorda og heimsøkja dei som hadde gjort dei urett medan dei levde.

  1. 1,0 1,1 «allesjelersdag». Store norske leksikon (på norsk). 30. august 2019. 
  2. «Archbishop Averky – Liturgics — The Sunday of Antipascha». Henta 26. desember 2011. 
  3. «Nordberg menighetsblad» (PDF) (5). Oktober 2016. 
  4. Dickison, Scott (22. oktober 2014). «Recovering Allhallowtide». Baptist News Global. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 20. september 2015. «Within the greater tradition of the church, All Hallows’ Eve and All Hallows’/Saints’ Day are actually the first two days of "Allhallowtide", with "All Souls' Day" being the final holiday of this three-day "season".» 
  5. Michno, Dennis G. (1 July 1998). A Priest's Handbook: The Ceremonies of the Church, Third Edition. Church Publishing, Inc. s. 160. ISBN 9780819225047. «Though the observance of this day was abolished at the Reformation because of abuses connected with Masses for the dead, a renewed understanding of its meaning has led to a widespread acceptance of this commemoration among Anglicans, and to its inclusion as an optional observance in the calendar of the Episcopal Church.» 
  6. 6,0 6,1 «The Episcopal Church, "All Saints' Day/All Faithful Departed"» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 24. august 2019. Henta 13. oktober 2019. 
  7. Medieval Histories 2012: 11:1 http://medievalhistories.com/wp-content/uploads/medievalhistories-november1.pdf
  8.  Ein eller fleire av dei føregåande setningane inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eigeChisholm, Hugh, red. (1911). «All Souls' Day». Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). Cambridge University Press. 
  9. «Maltese traditions to mark All Souls Day at the Inquisitor's Palace». Times of Malta. 27. oktober 2016.