Hopp til innhald

Hedmark fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Hedmark» omdirigerer hit. For det gamle landskapet, sjå Hedmarken.
Hedmark
tidlegare norsk fylke
Symbol
Land  Noreg
Del av Austlandet
Areal 27 400 km²
 •  vatn 1 156 km²
Folketal 197 406 (1. januar 2019)[1]
Kart
Hedmark fylke
60°50′00″N 11°40′00″E / 60.833333333333°N 11.666666666667°E / 60.833333333333; 11.666666666667
Kart som viser Hedmark fylke.
Kart som viser Hedmark fylke.
Kart som viser Hedmark fylke.
Wikimedia Commons: Hedmark
Nettstad: lwww.hedmark.org

Hedmark fylke er eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa mot Trøndelag fylke i nord, Oppland fylke i vest og Akershus fylke i sør. I aust grensa Hedmark til Sverige og dei svenske Dalarnas län og Värmlands län. Hedmark vart del av Innlandet fylke 1. januar 2020.

Hedmark fylke vart skilt ut frå Oplandenes amt i 1781 under namnet Hedemarkens amt. Fylket kunne delast opp i distrikta Hedmarken og Solør i tillegg til Østerdalen, Odalen, Vinger og Eidskog. Det hadde to byar: Hamar og Kongsvinger. I tillegg kalla Elverum seg by etter det generelle høvet tettstadar med minst 5000 innbyggjarar og bymessig folkesetnad kan nytta seg av.

Geografi og topografi

[endre | endre wikiteksten]

Over heile det tidlegare fylkesområdet finn ein jordbruk, og i enda større grad skogbruk. Barskog dominerer nesten fullstendig. Den eurasiatiske taigaen byrjar i fylket mellom Hamar og Elverum, går vidare til Sysslebäck og Malung i Sverige og held fram til Austersjøen og gjennom Finland og Russland til Stillehavet. Taigaen er kjenneteikna av barskog som gran og furu på skogbotn av lyng og mose, med innslag av bjørk og rogn og av og til grasdekte enger.

Det høgaste fjellet i fylket er Rondeslottet på 2178 moh., grensa til Oppland fylke går over denne toppen, akkurat som same grense delar Noregs største innsjø Mjøsa mellom fylka.

Elles låg det meste av fylket i det som blir kalla lågland, sjølv om den nordlege og nordvestlege delen hadde fjellområde som Rondane, og den nordaustlege slike som Sylene. Frå Sylene er det høgland store delar av strekninga derfrå og sørover langs svenskegrensa heilt til Finnskogen i Grue og Kongsvinger.

Klimaet i hedmarksområdet er typisk kontinentalt og berre i sørvest dempar Mjøsa og Oslofjorden vinterkulda.

Det bles sjeldan kraftig og som regel følgjer vinden dalføra, frå nordvest om vinteren og frå søraust om sommaren. Om vinteren vil den svake vinden føre til at ein ofte har temperaturinversjonar, der temperaturen stig med høgda. Januar er kaldast med ein middeltemperatur frå −6 til −8 °C i sør, −10 til −13 °C i nordlege dalstrøk. Stundom kan temperaturen falle til under −40 °C i nord og Engerdal målte i januar 1987 −47 °C som kulderekord i fylket. I juli varierer middeltemperaturen frå kring 16 °C i sør til kring 13 °C i øvre dalføre. Det er òg kjøligare enn dette i høgda. Varmerekordane i fylket ligg på kring 30 °C. Dei indre dalstrøka kan få frostnetter sjølv på sommaren.

Fylket har ein årsnedbør på 600-800 mm, og mest nedbør kjem det om sommaren. Nedbøren aukar i høgda og er opp i 1000 mm sør på Hedmarksvidda, og kan vere så låg som kring 400 mm i skjerma dalstrøk.

Fylket kan få ein del tåke nær vatn sør i fylket. Dette er typisk strålingståke og er vanlegast om hausten og tidleg på vinteren. På Hedmarksvidda kan det bli ein del tåke i sørleg vind, som fører inn lågt skydekke.

Hedmark fylke har namn etter landskapet Hedmarken på austsida av Mjøsa, gamalnorsk Heiðmǫrk, der fyrstelekken kjem av folkenamnet heidner.

Det er funne restar av steinalderbusettingar over nesten heile fylkesomr�det. Helleristningar av elg er funne ved Mj�sa i Ringsaker.

Det eldste bronsealderfunnet i Noreg er gjort p� Nes p� Hedemarken. Jernalderfunn er gjort over heile fylket, spesielt mange fr� vikingtida. Gravhaugar finst fr� bronsealder fram til kristen tid. Sol�r skal ha vore eit mektig kongerike mellom 300 og 800 i f�lgje Ynglingesoga .

I Hamar-omr�det utvikla det seg ein byliknande struktur med kaupang p� �ker i Vang allereie p� 500-talet.

I vikingtida vart dette senteret flytta til den odden i Mj�sa som seinare fekk ei domkyrkje (domkyrkjeodden) i samband med at staden vart bispesete i 1152. Her kan det rundt 1050 ha vore sl�tt mynt.

Svartedauden ramma omr�det hardt, og det var her som ellers i landet ei nedgangstid. Rett f�r reformasjonen forsvann Hamar som marknad, og ved reformasjonen i 1536 forsvann bispesetet.

Fylket vart r�ka av alle krigane Noreg og Danmark-Noreg var med i. Under den andre verdskrigen var det viktige kampar mellom tyskarar og nordmenn ved Midtskogen gard og Kongsvinger i april 1940. Tyske fly bomba Elverum i april 1940.

Kommunar i Hedmark
Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km� M�lform Distrikt
0402 Kongsvinger kommune Kongsvinger Kongsvinger 000000000001036.00000000001 036 bokm�l Gl�mdalen
0403 Hamar kommune Hamar Hamar 000000000000351.0000000000351 n�ytral Hedmarken
0412 Ringsaker kommune Ringsaker Brumunddal 000000000001281.00000000001 281 bokm�l Hedmarken
0415 L�ten kommune L�ten L�ten 000000000000369.0000000000369 bokm�l Hedmarken
0417 Stange kommune Stange Stange 000000000000724.0000000000724 bokm�l Hedmarken
0418 Nord-Odal kommune Nord-Odal Sand 000000000000508.0000000000508 bokm�l Gl�mdalen
0419 S�r-Odal kommune S�r-Odal Skarnes 000000000000517.0000000000517 bokm�l Gl�mdalen
0420 Eidskog kommune Eidskog Skotterud 000000000000640.0000000000640 bokm�l Gl�mdalen
0423 Grue kommune Grue Kirken�r 000000000000837.0000000000837 bokm�l Gl�mdalen
0425 �snes kommune �snes Flisa 000000000001041.00000000001 041 bokm�l Gl�mdalen
0426 V�ler kommune V�ler V�ler 000000000000705.0000000000705 bokm�l Gl�mdalen
0427 Elverum kommune Elverum Elverum 000000000001229.00000000001 229 n�ytral S�r-�sterdal
0428 Trysil kommune Trysil Innbygda 000000000003014.00000000003 014 bokm�l S�r-�sterdal
0429 �mot kommunar �mot Rena 000000000001340.00000000001 340 bokm�l S�r-�sterdal
0430 Stor-Elvdal kommune Stor-Elvdal Koppang 000000000002166.00000000002 166 bokm�l S�r-�sterdal
0432 Rendalen kommune Rendalen Bergset 000000000003180.00000000003 180 bokm�l Nord-�sterdal
0434 Engerdal kommune Engerdal Engerdal 000000000002197.00000000002 197 bokm�l S�r-�sterdal
0436 Tolga kommune Tolga Tolga 000000000001123.00000000001 123 nøytral Nord-Østerdal
0437 Tynset kommune Tynset Tynset 000000000001880.00000000001 880 nøytral Nord-Østerdal
0438 Alvdal kommune Alvdal Alvdal 000000000000943.0000000000943 nøytral Nord-Østerdal
0439 Folldal kommune Folldal Folldal 000000000001278.00000000001 278 nøytral Nord-Østerdal
0441 Os kommune Os Os 000000000001040.00000000001 040 nøytral Nord-Østerdal
Totalt Hedmark fylke Hedmark Hamar ' 000000000027400.000000000027 400 nøytral Hedmark

Fylkestinget hadde 33 representantar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population and changes during the quarter (M) 1997K4 - 2019K2». Henta 17. november 2019.