Hopp til innhald

Munnspel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Munnspel
«Train» spelt av Ace Johnson i Texas i 1939.
Døme på spel med munnspel.

Munnspel, også kalla munnharmonika, er eit musikkinstrument. Instrumentet er populært både som leikeinstrument for barn og som musikkinstrument for vaksne. Munnspel brukast innanfor ei rekkje sjangrar, bl.a. blues, jazz, rock, klassisk musikk, samtidsmusikk, irsk folkemusikk, kinesisk folkemusikk og innanfor visemusikk. Instrumentet kjenneteiknast ved at terskelen for å byrje å spele og å få til enkle strofer er svært låg, medan utviklingspotensialet er stort.

Teknisk bakgrunn

[endre | endre wikiteksten]

Lyden i munnspelet vert laga ved at ein bles luft («utpust» for den som spelar) eller syg luft («innpust») i hola på framsida. Luftstraumen går inn i ein smal gang og vert pressa forbi ei smal opning i reedplata}}mrk|Reedplata er ei metallplate inne i munnspelet som har omtrent same størrelse som munnspelet, og kvar det er festa mange stemmetunger.}} som er nesten dekt av ei metalltunge. Denne metalltunga, eller stemmetunga, er ca 2 mm brei og frå 10–20 mm lang, tjukn <0,5 mm. Den er festa med naglar til reedplata i ein ende og luftstraumen som passerer på dei tre frie sidene sett stemmetunga i rørsle. rørslene (eig. vibrasjonane) gjev lyd. Lyden sin kvalitet (her: overtonemengde) og pitch (lys eller djup tone) vert bestemt av materialet i stemmetunga (ofte messing for å unngå rust), av tjukna på stemmetunga, av lengda samt av vektfordelinga (ved å slipe litt av inst ved naglen får ein djupare tone, ved å skrape yttarst på stemmetunga får ein lysare tone). Dei kortare stemmetungene gjev lys tone.

Munnspeltypar

[endre | endre wikiteksten]

Diatonisk munnspel

[endre | endre wikiteksten]

Det vanlege diatoniske munnspelet vert også kalla «bluesmunnspel». Det har 10 hol, har ingen knapp, er låst til ein toneart (ein får kjøpt alle durskalaene), har avgrensa levetid (3-4 mnd ved intensiv bruk). Det har to reedplater med stemmetunger montert berre på ei side (ei plate inneheld utblåsetonane, den andre inneheld innpusttonane). Det populært sett mest karakteristiske ved instrumentet er at ein kan «bende» tonar på innpust. Dvs at ein sett stemmetunga for utpust i det same holet i rørsle (i dei to nedste oktavane er utpusttonane ei halv- eller heiltone lågare enn innpusttonane).

Kva munnspel

[endre | endre wikiteksten]

Ofte speler ein munnspel i ein annan dur enn dei er stemt i. Eit munnspel som er stemt i C-dur skal spelast i G-dur. Dette vert kalla � spele �cross harp� eller i �second position�. Dette vert ofte brukt i blues og Rock og dei manglande tonane vert skaffa ved bending. Nedanfor f�lgjer ein tabell over kva dur munnspelet skal vere p�stempla for � spele i lag med ein gitar eller song. t.d. Gitar eller song i G-dur: Bruk eit munnspel som er stemt i C-dur (p�stempla C)og spel G-dur ved � spele �cross harp� (second position).

Song

Munnspel

A

D

A/B

D/E

B

E

C

F

C/D

F/G

D

G

D/E

G/A

E

A

F

A/B

F/ G

B

G

C

G/A

C/D

Tremolomunnspel

[endre | endre wikiteksten]

Tremolomunnspel er bygt opp som eit diatonisk munnspel bortsett fr� at det har dobbelt sett av alle tonar. Tonane er stemt �rlite forskjellig og dette lagar ein svingningsforskjell som oppfattast som tremolo. Stemmetungane for b�de ut- og innpust er montert p� same reedplate, og som nemnt har ein to tiln�rma identiske reedplater p� munnspelet. Tremolomunnspelet har ein karakteristisk deling av hola p� langs, sett framanfr�. Instrumentet brukast stort sett i Asia og til folkemusikk. Kan l�te ganske stygt etter kort tid og held ikkje lenge.

Kromatisk munnspel

[endre | endre wikiteksten]

Kromatisk munnspel er f�rst og fremst kjenneteikna ved at det har ein knapp p� sida. I tillegg har den stemmetunger for b�de ut- og innpust montert p� ei reedplate. Munnspelet har to reedplater, men om den eine er stemt i C er den andre stemt i C#. Knappen p� sida av munnspelet er festa til ein langsg�ande slide som styrar kva reedplate lufta skal styrast til. Dermed har ein tilgang til alle 12 tonar i en halvtonerekkje/kromatisk skala pluss nokre overlappande tonar/einharmoniske tonar (H#+C og E#+F)(til saman 7+7=14). Dei har mellom 10 og 16 hol, men 12 er vanlegast (gjev 3 heile oktavar+). Vanleg omfang for 12-holsmunnspel er c1 til d4. Vanleg omfang for 16-holsmunnspel (ogs� kalla tenorspel) er liten c til d4. I tillegg finst 14-hols munnspel fr� liten g til d4 og 12-holsmunnspel fr� liten g til g3; begge kan kallast altmunnspel.

Bassmunnspel

[endre | endre wikiteksten]

Bassmunnspel brukast i munnspelorkestre (!) og stort sett kromatiske. Det er to subtypar: Hohnerbass har ikkje knapp, veg 2 kg eller meir, alle tonane er p� utpust og C og C# reedplata er montert i kvart sitt munnspelhus som er hengsla saman til ei eining. Tombobass liknar meir p� vanlege munnspel og har knapp, noko som gjer det mogleg � spele l�p og raske parti.

Akkordmunnspel

[endre | endre wikiteksten]

Akkordmunnspel kan samanliknast med akkordseksjonen på eit trekkspel og er sett saman av ulike tre- og firklangar. Det vert berre brukt i orkester, særleg i Tyskland og Asia (og Bergen Munnspelorkester i Noreg).

Prisen for eit munnspel varierer frå diatoniske munnspel for 10 kroner, via 400 kroner for eit bra diatonisk munnspel som eignar seg (og toler) blues og rock, via dei enklaste kromatiske til 600 kroner, via dei beste entusiastmunnspela til rundt 2000, og heilt opp til 40-50 tusen for dei aller beste konsertmunnspela i massivt sølv.

Viktige musikarar

[endre | endre wikiteksten]
Blues og rock
Kim Wilson,( Little Walter)( Sonny Boy Williamson)( James Cotton) Lee Oskar, Charlie Musselwhite, Steve Baker, Carlos Del Junco
Klassisk og vise
Tommy Reilly, Sigmund Groven, Larry Adler, Joe Sakimoto
Jazz
Toots Thielemanns, Mike Turk, Finn Hauge
Folkemusikk
Brendan Power (irsk/keltisk)