Den europeiske unionen
Motto: In varietate concordia (latin: Sameint i ulikskap) | |
Nasjonalsong: �An die Freude� | |
Offisielle spr�k | Sj� dei offisielle spr�ka til EU |
Presidentskap for r�det for den Europeiske unionen | Kypros |
President for Europakommisjonen | Jos� Manuel Dur�o Barroso |
President for Europaparlamentet | Josep Borrell |
Areal - Totalt |
Rangering 8 3,892,685 km2 (EU 25) |
Folketal - Totalt (2004) - Folketettleik |
Rangering 3 453 300 000 (EU 25) 116,4 innb/km² |
BNP (2004) - Totalt - Per capita |
Rangering 2 €10,202,336,800,000 €22,300 |
Grunnlagd Som EEC - Signering - Ikraftsett Som EU |
Romapakten - 25. mars 1957 - 1. januar 1958 |
Valuta | Euro (EUR eller €) |
Unionsdag | 9. mai (Europadagen) |
Tidssone | UTC 0 til +2 |
Toppdomene | .eu (i bruk fr� 2005); andre niv� .eu.int i bruk |
Nobels fredspris
2012
Den europeiske unionen (EU) er ein mellomstatleg organisasjon av europeiske statar. Den vart etablert etter ei underteikning av representatar fr� De europeiske fellesskapene (EF) i byen Maastricht i Nederland, nemleg Maastricht-traktaten. Det juridiske grunnlaget i dag er Nice-traktaten, som vart gjeldande fr� 1. mars 2003.
EU er den mektigaste regionalt avgrensa, mellomstatlege organisasjon ein kjenner i historia, og g�r attende til den tysk-franske kol- og st�lunionen fr� 1950. Leiande personar i dette milj�et var p�drivarar for ein politisk prosess som f�rte fram til Roma-traktaten som la det formelle grunnlaget for det fellesskapet som har utvikla seg til Den europeiske unionen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Organisasjonen vart grunnlagd under namnet Det europeiske kol- og st�lfellesskapet. Tanken var at ein ved � samarbeide om desse n�kkelindustriane ville motiva for ein ny krig i Europa falle bort. Organisasjonen skifta namn til Det europeiske �konomiske fellesskapet. Namnet vart seinare endra til Det europeiske fellesskapet (EF), og sidan til Den europeiske unionen (EU).
I Noreg har det vore to folkeavstemmingar om landet skulle g� inn i EU. B�de i 1972 og i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap.
Den europeiske unionen fekk i 2012 Nobels fredspris.[1]
Organisering
[endre | endre wikiteksten]EU har fem institusjonar:
I tillegg kjem fem viktige organ:
- Den �konomiske og sosiale komiteen
- Regionskomiteen
- Den europeiske sentralbanken
- Den europeiske ombudsmannen
- Den europeiske investeringsbanken
EUs tre s�yler
[endre | endre wikiteksten]EU byggjer p� tre hovudomr�de, kalla s�yler:
- 1. s�yle: Dei europeiske fellesskapa (overstatleg); omfattar tollunionen, landbruk, fiske og alt som g�r inn under den indre marknaden. Europakommisjonen f�rebur saker, set dei ut i livet n�r vedtak er gjort og overvakar at regelverket vert etterlevd i den enkelte medlemsstaten. EF-domstolen er �vste domsinstans.
- 2. s�yle: Felles utanriks- og tryggleikspolitikk (mellomstatleg); omfattar felles utanriks- og tryggleiksspolitikk i EU. Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen ut�vande oppg�ver. Hovudregelen er at vedtak m� fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.
- 3. s�yle: Politi- og strafferettsleg samarbeid (mellomstatleg); omfattar det strafferettslege samarbeidet (kamp mot kriminalitet, politisamarbeid med meir). Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen ut�vande oppg�ver. Hovudregelen er at vedtak m� fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.
Alt samarbeid som finn stad i EU, skjer i dei tre s�ylene og er heimla i dei ulike traktatane og traktatreglane som utgjer samarbeidet. EU er slik ikkje ein eigen internasjonal organisasjon, men er eit samlebegrep for dei tre s�ylene. Fordi EU ikkje er eit eige rettssubjekt, kan den heller ikkje opptre utad p� vegner av medlemslanda. Skal EU opptre utad som ei eining, m� medlemslanda opptre i fellesskap som statar - dei har ingen felles organ som har myndigheit til � forplikte dei. Organa som kan opptre utad p� vegner av medlemsstatane og til � gje reglar som er bindande for dei, h�yrer til Det europeiske fellesskap, dvs. den f�rste �s�yla� i samarbeidet.
Medlemsland
[endre | endre wikiteksten]�r | Land | Areal (km�) | Innbyggarar (2011) | Hovudstad | Valuta |
---|---|---|---|---|---|
1957 | Belgia | 30 528 | 10 431 477 | Brussel | Euro |
1957 | Frankrike | 674 843 | 65 821 885 | Paris | Euro |
1957 | Vest-Tyskland[1] | 357 022 | 81 471 834 | Berlin | Euro |
1957 | Italia | 301 340 | 61 016 804 | Roma | Euro |
1957 | Luxembourg | 2 586 | 503 302 | Luxembourg | Euro |
1957 | Nederland | 41 543 | 16 847 007 | Amsterdam | Euro |
1973 | Danmark | 43 094 | 5 529 888 | K�benhavn | Dansk krone |
1973 | Irland | 70 273 | 4 670 976 | Dublin | Euro |
1981 | Hellas | 131 957 | 10 760 136 | Athen | Euro |
1986 | Portugal | 92 090 | 10 760 305 | Lisboa | Euro |
1986 | Spania | 505 370 | 46 754 784 | Madrid | Euro |
1995 | Austerrike | 83 871 | 8 217 280 | Wien | Euro |
1995 | Finland | 338 145 | 5 259 250 | Helsingfors | Euro |
1995 | Sverige | 450 295 | 9 088 728 | Stockholm | Svensk krona |
2004 | Republikken Kypros | 9 251 | 1 120 489 | Levkos�a | Euro |
2004 | Tsjekkia | 78 867 | 10 190 213 | Praha | Tsjekkisk koruna |
2004 | Estland | 45 228 | 1 282 963 | Tallinn | Euro |
2004 | Ungarn | 93 028 | 9 976 062 | Budapest | Forint |
2004 | Latvia | 64 589 | 2 204 708 | Riga | Euro |
2004 | Litauen | 65 300 | 3 535 547 | Vilnius | Euro |
2004 | Malta | 316 | 408 333 | Valletta | Euro |
2004 | Polen | 312 685 | 38 441 588 | Warszawa | Polsk złoty |
2004 | Slovakia | 49 035 | 5 477 038 | Bratislava | Euro |
2004 | Slovenia | 20 273 | 2 000 092 | Ljubljana | Euro |
2007 | Bulgaria | 110 879 | 7 093 635 | Sofia | Bulgarsk lev |
2007 | Romania | 238 391 | 21 904 551 | Bucureşti | Rumensk leu |
2013 | Kroatia | 56 594 | 4 284 889 | Zagreb | Euro |
Totalt | Den europeiske unionen | 4 511 003 | 507 752 126 |
- 1 ^ I 1990 vart Tyskland gjennforent, og Aust-Tyskland vart ein del av EU.
Kandidatar
[endre | endre wikiteksten]Nord-Makedonia, Montenegro og Island er offisielle søkarland. Tyrkia har forhandla om eit eventuelt medlemskap heilt sidan 1987, men det har ikkje vore så stor framdrifta. Det er mange grunnar til dette, både politiske og økonomiske. Dei politiske grunnane er i stor grad relaterte til manglande demokratiske rettar i Tyrkia og til striden med den kurdiske folkesetnaden.
Noreg sitt tilhøve til EU
[endre | endre wikiteksten]Noreg er ikkje medlem av EU. I to folkerøystingar, den fyrste i 1972 og den andre i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap. Begge røystingane førte til ei splitting av opinionen, der eksportretta industri gjekk inn for norsk medlemskap i EU medan særleg representantane for landbruksnæringa var imot. Store delar av den kulturelle, økonomiske og politiske eliten var for medlemskap. Dei fleste avisene var for. Denne debatten viste ei elite som var i utakt med fleirtalet av folket. Motkulturane har svekka seg, men i denne saka kom dei fram igjen. Det var også regionale skilnader. Mange av dei politiske partia er splitta i synet på norsk EU-medlemskap, noko som har ført til at saka i dag ikkje er på den politiske dagsorden. Ja-sida sitt argument var, at Noreg skulle verte medlem, for å kunne påverke europeisk politikk, medan nei-sida frykta redusert norsk sjølvstyre ved ein medlemskap. Noreg sitt medlemskap i EFTA kan på mange måtar sjåast på som eit kompromiss mellom fullt EU-medlemskap og det å stå heilt utanfor det europeiske samarbeidet [treng kjelde]. Etter røystinga i 1972, så vart det underskriven ein frihandelsavtale mellom EFTA og EEC, som EU heite då. Den avtalen vart seinare erstatta av EØS-avtalen. Thorbjørn Jagland var ein sentral politikar på 1990-talet. Han vart seinare leiar for nobelkomiteen, som gav Nobels Fredspris til EU i 2012 for organisasjonen sitt arbeid for fred, forsoning, demokrati og utvikling i Europa. På grunn av Noreg sitt tilhøve til EU, så var dette ei omstridd tildeling [treng kjelde].
Andre relevante artiklar
[endre | endre wikiteksten]Norske organisasjonar som arbeider med EU-spørsmål
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «EU får Nobels fredspris». NRK.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell side
- Noregs delegasjon til EU
- Den europeiske sentralbanken i Frankfurt am Main
- EU Observer
- Euronews
- Europedia
- Informasjon om EU-utvidinga
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |